Månelanding med plask – no me
110801 Slf gjer motbakkane lengre og tunge i klima-krigen og co2 hysteriet
Klimafyrtårn og metananlegg
110801 Slf gjer motbakkane lengre og tunge i klima-krigen og co2 hysteriet
Styringsgruppa bak Fjærland biogass og rådgjevar Kjell Gurigard har gjort ferdig rapporten frå forprosjektet me fekk stønad til frå Innovasjon Noreg.
I korte trekk fortel rapporten at eit større fellesanlegg for biorest og -gass i Fjærland er interessant av fleire grunnar:
Samstundes er det ikkje økonomi direkte i eit biogass- og biorestanlegg slik situasjonen er i dag. Klimapolitiske mål er å få ned utsleppa, men sett på spissen er ingen interesserte i å betala for røynleg utsleppsreduksjon, slik eit anlegg i Fjærland vil føra til.
Rapporten handsamar spørsmålet om biogassanlegg i Fjærland presist og nokso kortfatta. Som de vil sjå, er det mykje meir å seia om fleire spørsmål i rapporten. Han er offentleg tilgjengeleg, og du kan lasta han ned her. Merk at Fjærland biogass har opphavs- og kopieringsretten til rapporten. God lesnad!
Odd Tjugum og Svein Arne Bøyum har ganske lenge halde på med konkret utprøving og forsking på småskala biogassanlegg i Fjærland. Dei har bygd ei eiga metan-bu, og i samarbeid med ma. Høgskulen i Telemark prøvd ut måtar å utvinna biogass på meir effektivt og med mindre utstyr. Her har me det konkrete dømet på kva ein kan få til om ein har tolmod, forskarvilje og mot til å stå på trass motgang: Elden logar i Fjærland!
Sume tider er lite nytt på ei heimeside godt nytt for eit prosjekt. Me har ikkje hatt tid å skriva stort på biogass.net, fordi saken er at me arbeider hardt med sjølve prosjektet. Her kjem i alle fall noko nytt:
Kjell Gurigard har teke på seg arbeidet med å setja saman arbeidet og skriveria våre. Dei andre medlemmene i styringsgruppa, i samarbeid med andre organisasjonar og verksemder, arbeider jamt og trutt med å koma fram til korleis me kan utnytta kumøk og våtorganisk avfall på beste måte i Fjærland. Det er mange spennande idear og tankar i lufta.
Samstundes kan me nemna at me arbeider både med namn, plassering og organisering av eit ferdig anlegg i Fjærland.
Fjærland biogass var bedne inn til årsmøtet i Fjærland bondelag i går. Eivind og Svein Arne informerte om metananlegg i det heile og arbeidet i Fjærland spesielt, og møtelyden kom med fleire kloke innspel og spørsmål. Me er optimistiske når det gjeld vidare arbeid, for det viser seg gong på gong: I Fjærland får me det til!
Eivind laga ein kort presentasjon om metanutvinning og biorest. Du kan henta han ned herifrå og på Kva og kvifor-sida (PDF-fil). Bruk han gjerne, men ikkje rapp han, er du snill.
Svein Arne og Eivind kjem for å prata om Fjærland biogass og biogass- (og biorest!)-prosessen generelt på årsmøtet i Fjærland bondelag onsdag 11. november. Bondelaget har vedteke dette som årsmøtesak. Me skal leggja fram informasjon om kva som skjer med møk i eit metananlegg, kva produkt som kjem utav prosessen, og sjølvagt ein del om kva me kan gjera her i Fjærland. Med dette vil me prøva både å spreia meir kunne om biogassprosessen, og kveikja sambygdingane våre for ideen om eit anlegg her.
Vesle Fjærland er ei føregangsbygd på mange område. Me har mange gardar på eit lite område, og fyrst og fremst: Me har kreative og påhittuge bønder og bygdafolk. Det er eit godt grunnlag for kva prosjekt som helst.
I dag var listetoppane frå dei politiske partii i Sogn og Fjordane på vitjing og synfaring i Fjærland. Dei har seminar om fornybar energi denne helgi, og var innom fleire stader i Fjærland. Svein Arne synte fram kva som blir prøvd ut og forska fram innan biogassanlegg på Bøyadn, og Knut P. frå bondelaget og Eivind frå styringsgruppa informerte om bakgrunnen for biogassarbeidet i Fjærland, og om kva som skjer i eit metananlegg (sjå òg Kva og kvifor-sida). Vidare var det informasjon om vasskraftverk, vedproduksjon og landbruket si rolle innan klimaarbeid.
Politikarane reiste frå Fjærland med auka kunnskap både om fornybar energi, og om det som skjer i Fjærland på området. Og me her i bygdi fekk synt fram at me ligg godt an på nasjonalt plan i å skapa, utvikla og spreia kunnskap om fornybar energi. Det er her det skjer!
Fjærland biogass fekk tilslag hjå Innovasjon Noreg på forprosjektet som skal gje svar på korleis eit metananlegg i Fjærland vil løna seg. Søknadspapira er offentlege, og du kan lasta dei ned som pdf-fil herifrå. Eit utdrag frå tilsagnsbrevet kan du finna her. Sjå Om oss-sida for meir informasjon.
Ver merksam på at Fjærland biogass har opphavs- og kopieringsrett til søknaden. Bruk han gjerne til opplysing og inspirasjon, men ikkje kopier direkte frå han.
Fjærland biogass hadde forprosjektmøte tysdag 9. juni, og fekk fordelt nokre av dei ventande arbeidsoppgåvene.