Lagt inn av eivind 23. juni 2010 i Innlegg om metananlegg-teknikk, Nytt frå Fjærland biogass |
Kommenter

Svein Arne Bøyum med flamme frå rein møk i Fjærland.
Odd Tjugum og Svein Arne Bøyum har ganske lenge halde på med konkret utprøving og forsking på småskala biogassanlegg i Fjærland. Dei har bygd ei eiga metan-bu, og i samarbeid med ma. Høgskulen i Telemark prøvd ut måtar å utvinna biogass på meir effektivt og med mindre utstyr. Her har me det konkrete dømet på kva ein kan få til om ein har tolmod, forskarvilje og mot til å stå på trass motgang: Elden logar i Fjærland!
Lagt inn av eivind 12. november 2009 i Innlegg om landbruket og Fjærland, Innlegg om metananlegg-teknikk |
Kommenter
Fjærland biogass var bedne inn til årsmøtet i Fjærland bondelag i går. Eivind og Svein Arne informerte om metananlegg i det heile og arbeidet i Fjærland spesielt, og møtelyden kom med fleire kloke innspel og spørsmål. Me er optimistiske når det gjeld vidare arbeid, for det viser seg gong på gong: I Fjærland får me det til!
Eivind laga ein kort presentasjon om metanutvinning og biorest. Du kan henta han ned herifrå og på Kva og kvifor-sida (PDF-fil). Bruk han gjerne, men ikkje rapp han, er du snill.