Godt møte i Fjærland bondelag

Lagt inn av eivind 12. november 2009 i Innlegg om landbruket og Fjærland, Innlegg om metananlegg-teknikk | Kommenter

Fjærland biogass var bedne inn til årsmøtet i Fjærland bondelag i går. Eivind og Svein Arne informerte om metananlegg i det heile og arbeidet i Fjærland spesielt, og møtelyden kom med fleire kloke innspel og spørsmål. Me er optimistiske når det gjeld vidare arbeid, for det viser seg gong på gong: I Fjærland får me det til!

Eivind laga ein kort presentasjon om metanutvinning og biorest. Du kan henta han ned herifrå og på Kva og kvifor-sida (PDF-fil). Bruk han gjerne, men ikkje rapp han, er du snill.

Fjærland biogass på listetopp-møte

Lagt inn av eivind 31. august 2009 i Innlegg om landbruket og Fjærland, Nytt frå Fjærland biogass | Kommenter

I dag var listetoppane frå dei politiske partii i Sogn og Fjordane på vitjing og synfaring i Fjærland. Dei har seminar om fornybar energi denne helgi, og var innom fleire stader i Fjærland. Svein Arne synte fram kva som blir prøvd ut og forska fram innan biogassanlegg på Bøyadn, og Knut P. frå bondelaget og Eivind frå styringsgruppa informerte om bakgrunnen for biogassarbeidet i Fjærland, og om kva som skjer i eit metananlegg (sjå òg Kva og kvifor-sida). Vidare var det informasjon om vasskraftverk, vedproduksjon og landbruket si rolle innan klimaarbeid.

Politikarane reiste frå Fjærland med auka kunnskap både om fornybar energi, og om det som skjer i Fjærland på området. Og me her i bygdi fekk synt fram at me ligg godt an på nasjonalt plan i å skapa, utvikla og spreia kunnskap om fornybar energi. Det er her det skjer!