Forprosjektet er i gang

Lagt inn av admin 8. juni 2009 i Nytt frå Fjærland biogass | Kommenter

Fjærland biogass har byrja forprosjekteringa. No skal me finna ut korleis eit stort felles-metananlegg i Fjærland kan løna seg, både for klimaet og i kroner og øre. Me skal kartleggja vilkår for metananlegget, vurdera ulike måtar å byggja anlegget på, finna kostnader ved å byggja og driva det, og finna ut kva inntekter og produkt anlegget vil gje. Klimarekneskapen til anlegget er ein sjølvsagd del av utrekningane våre. Me har stor tru på at anlegget vil vera nyttig, både for bøndene i Fjærland og for klimaet i heile verda. No skal me finna ut akkurat kor nyttig. Me gler oss!

Ikkje høve til å kommentera her.