Kva og kvifor

Ei ku slepper ut om lag 500 liter metan om dagen. Foto: Trond J. Hansen

Ei ku slepper ut om lag 500 liter metan om dagen. Foto: Trond J. Hansen
Kva er biogass?
I naturen blir organisk avfall, til dømes kyrmøk, brote ned av ulike bakteriekulturar. Det skjer fleire nedbrytingsprosessar naturleg: Oksidasjon med oksygen, nitrat og sulfat, og til sist den me er ute etter i eit metananlegg: Anaerob spalting av organisk materiale, det vil seia gjæring utan oksygen. Denne prosessen er det eigne bakteriekulturar som står for, og restproduktet i naturen er metan, karbondioksid og andre gassar. Ei ku slepper ut mellom 250 og 500 liter metan dagleg som del av matmeltinga. I eit metananlegg bruker me dei naturlege bakteriekulturane for å utnytta denne prosessen til å laga biogass og biorest (eller rotnerest).
Bioresten er svært viktig i metanprosessen. Haninneheld næringsstoff i lettopptakeleg form for planter, tungt nedbrytbart organisk stoff og biomasse, og er særs godt eigna som gjødsel. Med rett produksjonsmåte og kvalitet er biorest òg godt eigna som gjødsel i økologisk landbruk.
Kvifor biogass i Fjærland?
Metananlegg er ikkje eit vanleg syn i Noreg. Me har ingen ordningar som syter for gode rammevilkår for slike anlegg, endå om dei verkeleg får ned utsleppa frå landbruket. Fleire anlegg elles i Europa har òg høge utgifter med transport av råvarer og produkt.
Fjærland er ei liti landbruksbygd, med høvesvis store gardar på eit ganske samla område. Dette gjer at me ikkje treng frakta korkje råvarene eller dei ferdige produkta over lange avstandar. Plasseringa midt i fylket gjer det òg enkelt for oss å ta imot restavfall frå verksemder og avfallsselskap i området. Endeleg vil ei eventuell kraftlinjeutbygging vera nyttig for å frakta elektrisiteten frå anlegget ut på spreienettet. Dette, og fleire andre punkt, gjer Fjærland særs godt eigna som plassering for eit større biogassanlegg.
Du kan lesa meir om metanprosessen og grunnane til å leggja eit anlegg i Fjærland i denne presentasjonen (PDF-fil).