Om oss
Fjærland biogass er eit prosjekt som går ut frå Fjærland bondelag. Me planlegg å byggja og driva eit større fellesanlegg for metanutvinning frå kyrmøk, anna husdyrgjødsel og våtorganisk avfall. Måla er å vera eit klimafyrtårn i landbruket, og å skapa eit effektivt, lønsamt og klimavenleg tiltak som røynleg får ned utsleppa frå landbruket. Bøndene i Fjærland står bak anlegget, og vil vera dei som har mest direkte nytte av produkta frå metananlegget, fyrst og fremst ved meir og betre gjødsel i form av biorest frå metanutvinningsprosessen, samt andre produkt frå anlegget. Forsking og utvikling, både på produkt- og råvaresida, vil vera ein viktig del av anlegget.
Fjærland biogass vil vera eit av få tiltak i landbruket som verkeleg hjelper mot klimagassutslepp. Dette er viktig, fordi det finst alt for få slike tiltak, og fordi landbruket åleine står for 9% av klimagassutsleppa i Noreg. I Sogndal kommune står landbruket for heile 24% av utsleppa. Desse tala er for reine utslepp, og tek ikkje omsyn til den karbonbindingi landbruket i kommunen står for. Difor er dei noko unøyaktige, men gjev eit tydeleg signal om at det er naudsynt å få ned klimagassutslepp i kommunen og landet i det heile.
Anlegget er i forprosjektfasen. Fleire endringar og nytt vil koma etterkvart. Du kan kontakta oss på denne epostadressa:
post alfakrull biogass punktum net
Forprosjektsøknaden me sende til Innovasjon Noreg er offentleg, og du kan lasta han ned her. Særvilkåra for forprosjektet finn du her. Ver merksam på at Fjærland biogass har opphavs- og kopieringsrett til søknaden.